Jo Bjørnar's profileHausnesiaPhotosBlogListsMore Tools Help

Blog


    January 21

    Kvamskogen og pudder

    Eg og Silvert tok turen til Kvamskogen og blant anna den vetle toppen Såto i dag, og fekk utnytta kjempeherlig pudder i eksakt riktig mengde med ellers gode forhold! Ein god opplevelse. Da einaste som gjorde da til ein litt meir slitsom tur enn nødvendig var ein småfuktig kveld i Bergens gater på laurdagen. Når du velge nærmaste plass til Bergen så blir da fort mange andre som skal nyta snøen, og så også denne gongen - men ikkje alle like å køyra utenom sporene, så me fekk da nesten for oss sjølv. Ellers va da overraskande å få sjå Oksen, Ingebjørgsnuten og litt av Midtfjell på utkikksplassen vår. Dei får venta til neste tur.. Uansett, moralen e at så lenge da e pudder så blir dagen bra. Ryktene går og om gode forhold i heimtraktene, så får håpa da held seg til neste helg. 
    January 01

    Godt nytt år, og Horndalsnuten

    Først av alt eit godt nytt år til alle sammen! Håpe feiringen va kjekk.
     
    Til dei som e litt triste ang. veret for tida så ha eg eit forslag og da e å komma seg litt lenger opp i fjellet, vekk frå detta haustveret i låglandet. Heilt ok forhold, og gode tider e nesten sikra. Turen til meg og Anders den 29 desember 2006 blir best beskriven av Anders sjølv:
     

    Horndalsnuten 1461 m.o.h.

     
    Eit desperat forsøk som blei til søt suksess :)
     
    Nokon gonga blir utfallet av ein tur ikkje heilt det ein forventar. So óg i går, når underteikna og Jo Bjørnar krabba seg oppover dårleg stelte kommunale vegar til Skaftedalen ovanfor Skjervet i Granvin.
     
    Skaftedalen e eit glimrande utgangspunkt for ein av dei mektigaste tinderekkene i Hordaland, Raundalsryggen. Massivet startar i vest med Horndalsnuten 1461 m.o.h. og strekkjer seg austover via Skipadalsnuten og Seldalsnuten til Olsskavlen 1576 m.o.h. - høgaste fjellet i Granvin og Voss. Vidare austover fylgjer andre kjemper som Skorafjell og Vassfjøro (sjå blogg frå sommartur)
     
    Me starta som venta på eit knallhardt skareføre og såg ikkje for oss dei store skiopplevingane, ei heller den verste toppturen. Me kunne likevel ikkje klaga på véret, der  morgonsola varma oss godt i ryggen.
     
    Nokon gamle spor førte oss forbi Latebakken opp i nordaust mot Skykkjeset. Herfrå klatra me oss oppover i terrenget, og med det raske, stabile føret kunne me ikkje dy oss for å erobra fleire høgdemeter.
     
    Etterkvart viste Skipadalsnuten (1492 m.o.h.) seg, og me innsåg at ein kremtopp var innan rekkevidde. Det endte som det ofte gjer; me beit i oss mjølkesyre og kuling og toppa Horndalsnuten med glans.
     
    Nedoverturen ga oss både akseptable skiforhold, snarveg-bomtur og mørkeorientering med måneljos. Rett og slett minnerikt!
     
     Sjå albumet frå turen og nyt